Av jord er me komne Lyrics

Av jord er me komne Lyrics
Song

Av jord er me komne

Lyrics By

Blodsmak

Singer

Blodsmak

Song Lyrics

[Vers 1]
Eg bryt min rygg kvar dag i regn og rokk
Kviler mellom tunge spadetak
Jorda svelt, men ho får aldri nok
Mettar ho med salte tårers smak


[Pre-Chorus]
Du ser ingenting du ville misse
Eg ser berre nok eit liv i kiste


[Chorus]
Av jord er me komne, til jord skal me bli
Små vakre støvfnugg som dansar forbi
Først når me skjønar det, skal me bli fri
Av jord er me komne, til jord skal me bli


[Vers 2]
Eg ser deg stå med nakken lut av sorg
Eit hòl i marka gaper kaldt
Vår Herre øydela din faste borg
Og lukka sine auger då han fall
[Pre-Chorus]
De var trufast til det siste
No ligg han einsam i si kiste


[Chorus]


[Bridge]
Tenn deg eit ljos, og så brenn du det ned
Når tussmørket kjem, finn vi endelig fred


[solo]


[Vers 3]
Eg veit min eigen dag skal bli til natt
Og eg må må ta dei tunge steg
Kven er det då som tek min spade fatt
Kven grev et siste hòl for meg?


[Pre-Chorus]
Eg spenner eit smil imot det triste
Snart vert eg sjølv ei bør i kiste


[Chorus]
Av jord er eg komen, til jord skal eg bli
Eit vakkert støvfnugg som dansar forbi
Eg har alltid skjøna det, det gjorde meg fri
Av jord er eg komen, til jord skal eg bli
Til jord skal eg bli
Til jord skal eg bli

Updated by Manish Khutade ·

More Lyrics

Support Our Site

We rely on ads to keep our website running and provide you with quality content. By disabling your adblocker, you'll help support us and ensure we can continue delivering great content. Thank you!